Linstow kommer nok en gang med villedende opplysninger

I møtet med komiteen den 6. mai var det eit innlegg frå Bård Løvaas frå Linstow - utbyggjar i Storetveitåsen. Han kom med ein påstand i møtet om at planane, som før, er ei maksimal byggehøgd på 63,25, og at det er rekkverket som kjem på kote 64,5. Dette er feil!

Sitat frå dagens reguleringsbestemmelser, revidert 17.01.2014:

"5.1.3 Bygningene kan bindes sammen med atkomstbalkonger og trapp/heis i bakkant samt felles parkeringsanlegg i underetasjen. Det kan tillates en utnyttelsesgrad, % -BRA på inntil 250 %. Maks gesimshøyde generelt er kote +64,50. Høyde på sikringsrekkverk for takterrasse, samt høyde for heisoppbygg og trapp tillates utover maksimal kotehøyde."


Då fylkesmannen trekte si motsegn sommaren 2013, var dette på grunnlag av dei nye teikningane og planforslaget frå utbyggjar. Når det gjeld høgd og utnyttingsgrad, sa planføresegnene kote 63,25 og 200 % BRA (som er i tråd med kommuneplanens maksimum for området).

Det er altså heilt klart at utbyggjar har utvida planane etter at fylkesmannen trekte si motsegn. Utnyttingsgrada er auka frå 200 til 250 %, og byggehøgdene er auka med 1,25 meter, pluss rekkverk og heishus. Dette har skjedd utan at Fylkesmannen er informert.

Heishuset kommer rundet 3,5 meter høyere enn det nivået heisen går til (2 meter heisrom + 1,5 meter sikkerhetssone og tak) , dvs kote +68. De vertikale strekene indikerer høyden på heishuset. I tillegg vil det trolig komme trappehus og ventilasjonsanlegg på taket. Dette vil bli svært dominerende, synlig fra hele denne delen av åsen.
Linstow legger opp til utgang fra bygget på baksiden, og man vil dermed ha direkte adkomst til bakkeplan i den sørlige delen av bygget. Konsekvensen er ytterligere privatisering av friområdet.

Slik naboane ser det, er dette illustrerande for korleis utbyggjar har opptrådt gjennom heile planprosessen. Linstow påstår at dei har redusert tiltaket, medan det i realiteten er auka. Det einaste som er noko redusert, er kor mange kvm. av friområdet som blir omregulert til bustad.

Når det gjeld innverknad på barn og unge sitt leikeområde: I dette området har vi ingen andre leikeplassar!

Ulempene ved auka trafikk frå 2500 kvm/ 14 store leilegheiter vil heller ikkje vege opp for fordelane ved at det vert laga fortau. Fortauet vil uansett berre gå frå Kirkeveien og bort til utbyggjingsområdet. Fortauet vil ikkje halde fram nordover i Storetveitåsen, den vegen folk køyrer når dei skal i retning Minde allè/ sentrum.